Døldarheia.
FOTO: PRIVAT
Energi
Får fullmakt til å forhandle om vindkraft
— Møtet vedtok å gi fullmakt til styret til å gå vidare med eventuelle diskusjonar. Ingen avgjerd blei tatt i dag, bortsett frå det, seier leiar Knut Erik Gjerde i Døldarheia grunneigarlag.
Han er tydeleg på at eit endeleg vedtak om bygging, dersom eit konkret prosjekt blir aktuelt, vil bli avgjort på eit seinare møte.
Det er ikkje slik at kvar person har ei stemme på årsmøtet. Kvar gard har ei viss lut, og det er den ein stemmer med. Lutane varierer frå gard til gard, og nokre gardar har difor meir å sei enn andre.