Xuquan Li har opna utsal av kinesisk mat i Skjold. Ho har i fleire år drive eigen restaurant.
Arkivfoto: Øystein Silde Frønsdal
10 Kjappe
— Fantastisk kjekt med mat
Den vesle matvogna til Xuquan Li blei godt tatt i mot då ho starta å selja kinesisk mat ei tid tilbake. Etter ein reportasje i Grannar har mange fått augo opp for matusalet, og 64-åringen har det travlare enn nokon gong.
Tilbakemeldingane er at maten er svært god, og det er kanskje ikkje så rart, for dette har Xuquan Li jobba med sidan ho kom til Noreg for ti år sidan. Opphavleg kjem ho frå byen Pignan som ligg mellom Hong Kong og Vietnam, og skal ho una seg eit godt måltid vel ho gjerne laks eller blåskjel.
— Kva er di sterkaste side?