Bygg og bu
Fann roa ved sjøkanten
— Velkommen til oss, smiler Erik Gravelseter og kona Toril.
Han er mest kjent for å ha bygd opp ei av bygdas mest suksessrike private verksemder, Etne Betong. Skipa i 1982 og definitivt eit av dei største næringseventyra Etne har sett. Noko kona også har ein stor del av æra for, som mangeårig medarbeidar – og omsorgsfull mamma for deira no tre vaksne barn.
Etter å ha via det meste av livet til verksemda, og som gründerar flest med langt færre veker ferie enn vanlege arbeidstakar kan nyte gjennom eit langt arbeidsliv, har ekteparet no flytta inn i huset kor dei etter kvart håpar å kunne nyte tilværet som pensjonistar – og besteforeldre – fullt ut.