Etterlyser vitne

Kari Aakra Årsaka til brannen i forretningsbygget i Ølen sentrum er truleg bar eld ved […]

Publisert Sist oppdatert

Kari Aakra

Årsaka til brannen i forretningsbygget i Ølen sentrum er truleg bar eld ved ein inngang i første etasje. Lensmann ved Vindafjord lensmannskontor Ingvar Gjærde etterlyser nå alle som kan ha sett noko i løpet av natta til søndag 6.desember.

— Etter undersøkingane har me utelukka ein del årsaker og snevra inn nokre forhold rundt hendinga. Brannen tok til ved ein ulåst inngang ved første etasje. Her er det ingen naturleg grunn til at det skal byrja å brenna, og brannen starta truleg av bar eld, opplyser Gjærde.

Politiet ventar framleis på svar frå nokre undersøkingar, og treng nå hjelp frå publikum. Tidlegare har dei etterlyst ein mann i ei grålys jakke som var observert utanfor bygningen.

— Denne personen er ikkje mistenkt, men me er interesserte i han som vitne. Han har enno ikkje meldt seg. Nå ønskjer me kontakt med alle som var i området rundt brannstaden og Shell-stasjonen mellom klokka 03.00 og 04.00 søndag 6.desember, seier Gjærde.

Publikum kan ta kontakt med lensmannskontoret i Vindafjord eller ringja 02800.

Powered by Labrador CMS