Etterlyser terminal med betre løysing for bussane
Går alt etter planen kan bussjåfør Kjell Bjarne Rolland (65) og hans sjåførkollegaer sjå fram til ein tryggare og betre bussterminal i Etne sentrum om nokre år.
Ny bussterminal i Etne sentrum har vore på ynskjelista til innbyggjarar, reisande, bussjåførar, folkevalde og Statens vegvesen i mange år. Dagens bussterminal ved hotellet fungerer ikkje som den skal og bidrar til å skapa trafikkfarlege situasjonar. Plassen er for liten og trong, og det er krevjande for bussane å snu inne på området.
Buss-sjåførane Kjell Bjarne Rolland frå Tysvær og Jan Kåre Lygre frå Skånevik svingar innom terminalen dagleg på sine faste ruter og dei er lite nøgd med den trafikkfarlege haldeplassen som byr på store utfordringar når bussen skal inn eller ut av terminalen like ved E134.
Krevjande både inn og ut