Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

SV-leder Audun Lysbakken kommenterte regjeringsplattforma i vandrehallen i Stortinget onsdag. Foto: Terje Pedersen / NTB
SV-leder Audun Lysbakken kommenterte regjeringsplattforma i vandrehallen i Stortinget onsdag.

Etterlyser meir grønt og raudt

NPK-NTB: SV-leiar Audun Lysbakken peikar på nokre ting han er nøgd med, men mange ting han ikkje er nøgd med i Hurdalsplattforma.

— I denne plattforma er det for mykje grått og for lite raudt og grønt, men SV kjem til å bidra med meir kraftfull politikk for rettferdig fordeling og miljø viss regjeringa kjem til oss for å forhandle, seier Lysbakken.

Han peikar mellom anna på utfasing av kommersielle aktørar i barnevernet, innføring av skulemat og gjenetablering av eit høgskuletilbod i Nesna som gode trekk, som også SV har støtta tidlegare. Her garanterer SV allereie no at dei vil danne fleirtal.

Det SV er misnøgd med, er særleg olje- og gasspolitikken og den sosiale utjamningspolitikken.

— Klima- og naturkrisa kan ikkje løysast med god retorikk og fine ønske, seier Lysbakken.

Powered by Labrador CMS