Etterforskar vidare
Den 17 år gamle guten blei teken inn til avhøyr på Sauda lensmannskontor på laurdag, […]
Den 17 år gamle guten blei teken inn til avhøyr på Sauda lensmannskontor på laurdag, etter at fleire vitne hadde forklart seg. Politiet hadde allereie på eit tidleg tidspunkt eit namn å gå etter i saka, då fleire hadde observert jenta saman med den sikta tidlegare på kvelden. 17-åringen stiller seg uforståande til siktinga.
— Mannene er avhøyrt og sluppen ut av varetekt. Me skal jobba litt vidare med etterforskinga og har enno fleire vitne att som me skal avhøyra, opplyser fungerande lensmann ved Vindafjord lensmannskontor, Arild Austrheim.
Like før klokka 02.30 natt til laurdag melde politipatruljen i Vikedal at dei hadde komme over ei ung kvinne i sentrum som var blitt valdteken eller utsett for utuktig handling.
Den 16 år gamle jenta var blitt dratt inn i ein bakgard og lagt i bakken. Ho hadde raskt klart å komma seg bort frå gjerningsmannen etter hendinga. Jenta blei etter dette frakta til valdtektsmottaket i Haugesund for undersøkingar.