Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Kommunalsjef for helse, Hilde Selland Winterthun. Foto: Grethe Hopland Ravn
Kommunalsjef for helse, Hilde Selland Winterthun.

Endrar rutinane for heimetenester

Publisert Sist oppdatert

Den pågåande omorganiseringa, som bygger på politiske vedtak frå 2023, skal sikra eit meir samordna og effektivt tilbod for brukarane av heimetenestene i Etne kommune, men konsekvensane for omorganiseringa møter uro. Kommunalsjef Hilde Selland Winterthun møtte politikarane i formannskapet og understreka i møtet at endringane ikkje vil føra til kutt i stillingar, men at fleire vil få nye oppmøteplassar i løpet av dei neste fire månadene.

— Brukarane våre vil ikkje oppleva endringar i tenestetilbodet. Det er det viktigaste, og målet vårt er å sikra eit betre tilbod enn før, sa Winterthun.

Ho la til at dei vil samla ressursar og sikra at kommunen kan tilby eit likt og stabilt tilbod til brukarane i kommunen i framtida. Eit sentralt grep i omorganiseringa er å samla medisinlageret i Etne. Winterthun peikte på at dette vil gi betre nødvendig kontroll for å redusera svinn. Når det gjeld tryggingsalarmar, vil desse framleis bli administrerte via eit ressurssenter i Kristiansand, som raskt kan vidareformidla hjelp til bebuarane.

Powered by Labrador CMS