Elin Furubotn gir nytt liv til gamal kulturskatt
Når den kritikerroste visepop-sangaren Elin Furubotn slepp nytt album fredag 11. november, puster ho nytt liv i ein gamal kulturarv. På albumet Resirkulerte rim og regler» plasserer ho gamle, norske rim og regler inn i ein meir verdsomspennande kontekst. Her får lyttaren servert desse små kulturskattane i ein musikalsk innpakning som er i krysningspunktet mellom vise, folkemusikk, jazz og verdsmusikk. Sangene ho lærte av mormora hadde ofte den same monotone melodien, difor ville ho heller pakke dei inn på ein ny og spanande måte. Løysinga blei å bruke gamle tradisjonsinstrument frå mormor si tid, saman med tradisjonsinstrument frå andre land og kulturar. Sjølv om dei fleste rim og regler Elin Furubotn lærte då ho var liten, var barnereglar, ønskte ho å gi låtane ein meir moderne og global innpakning, og på den måten gjera dei tilgjengeleg for eit meir vakse publikum. Elin Furubotn er komponist og tekstforfatter, og har gitt ut åtte album, både nasjonalt og internasjonalt. Ho er ein radiovennlig artist og har hatt fleire sangar både i NRK og i tyske radiostasjoner, som f eks. Så lett det kan ver» med Stavanger Symfoniorkester og Morten Abel. Ho har sunge seg inn i mange hjarter med eit skråblikk på gjenkjennelege kvardags-situasjoner, humor og undring, og meiner det er sunt å leike meir. På hennar niande album har ho og musikarane bokstavelig tala leika seg gjennom gamle reglar og gjennomfriska dei med ny global verdsmusikk.
Fredag 18.november blir Elin Furubotn å høyra på Etne Kulturhus saman med Sverre Indris Joner – Produsent, perkusjon, munnharpe, Daniel Herskedal – Tuba, basstrompet, Tuva Færden – Hardingfele, Javid Afsari Rad – Saz, Morten Michelsen – Klarinett, bassklarinett og Sigbjørn Apeland (trøorgel).