Markus Furseth målar opp og er med å byggja blomsterkassar. FOTO: RENATE SÆVAREID
Markus Furseth målar opp og er med å byggja blomsterkassar.
Under julegateopning då dei blant anna selde tennbrikettar.PRIVAT FOTO
Under julegateopning då dei blant anna selde tennbrikettar.PRIVAT FOTO
Martin Heggebø skrur på blomsterkassar som dei planlegg å selja til våren. FOTO: RENATE SÆVAREID
Martin Heggebø skrur på blomsterkassar som dei planlegg å selja til våren.
Finn Tegge skrur på motorsykkelen som dei skal selja i delar.FOTO: RENATE SÆVAREID
Finn Tegge skrur på motorsykkelen som dei skal selja i delar.
Tennbrikketane som dei har selt til inntekt for elevbedrifta. FOTO: RENATE SÆVAREID
Tennbrikketane som dei har selt til inntekt for elevbedrifta.

Elevane får prøvd seg i arbeidslivet

Gjennom elevbedrift får niandeklasseelevane på Vikedal skule erfaring med arbeidslivet.

Publisert Sist oppdatert

Niandeklasseelevane i arbeidslivsfag på Vikedal skule sit og reknar på kva dei har tent så langt på elevbedrifta som dei har hatt i vårsemesteret. Etter at dei har summert opp, kom dei fram til at dei har tent 10.000 kroner. No må dei bestemma seg for om kvar elev skal få utbetalt, eller om dei skal investera pengane i eigenkapitalen som dei treng til vidare prosjekt. Dei diskuterer seg imellom korleis dei vil løysa det. Elevane er engasjerte, og det blir gode diskusjonar. Fram til no har dei vore samla som ei elevbedrift, der alle pengane går i same kasse. Men til våren skal dei dela seg inn i mindre grupper med eigne idear, så dei som vil satsa ekstra kan få moglegheita til det.

— Det blir spennande å sjå kva det blir ut av dette utover våren. Det er kjekt når dei finn noko dei verkeleg likar å halda på med, seier lærar Sander Eike.

Arbeidslivsfag er eit praktisk retta valfag på ungdomsskulen som gir elevane erfaring med reelle arbeidssituasjonar. Faget er eit alternativ til spansk eller engelsk fordjuping.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS