Tobias Aarekol (f.v., Helgevold), Vera Gjerde (Vindafjord kommune), Inger Constanse Eidhammer Lunde (Vindafjord kommune) og Ingeborg Owe (Haugaland Kraft) har hatt sommarjobb gjennom Sildikon Valley-prosjektet. Her frå avslutninga av programmet i Haugesund fredag. FOTO: PRIVAT
Tobias Aarekol (f.v., Helgevold), Vera Gjerde (Vindafjord kommune), Inger Constanse Eidhammer Lunde (Vindafjord kommune) og Ingeborg Owe (Haugaland Kraft) har hatt sommarjobb gjennom Sildikon Valley-prosjektet. Her frå avslutninga av programmet i Haugesund fredag.

Ekstra spennande sommarjobbar

Fire frå Etne og Vindafjord har vore med i sommarprogram og internship for studentar i Sildikon Valley. Ølensbuen Tobias Aarekol (21) har kost seg gjennom seks lærerike veker hos Helgevold i Sandeid.

Publisert Sist oppdatert

Sildikon Valley

Kva er det?
Sommarprogram og internship for studentar (bachelor/master) frå norske universitet og høgskular, arrangert av Haugaland Vekst med samarbeidspartnerar i Talentsamarbeide.

Når?
6 veker: midten av juni til slutten av juli kvar sommar (t.d. 16. juni–25. juli 2025) .

Kor?
Haugalandet – i lokale bedrifter og kommunar, med faste samlingar i regionen

Målgruppe:
Studenter innan teknologi, innovasjon, kommunikasjon, ingeniørfag, medievitskap, samfunnsfag, etc.

Programaktivitetar:

  • Løysa reelle utfordringar i samarbeid med bedrifter og kommunar
  • Faglege og sosiale samlingar kvar veke (design sprint, bedriftsbesøk, mingel, filmkveld, prisutdeling m.m.)
  • Avslutningspresentasjon og konkurranse med fagjury og premiering

— Det har vore veldig kjekt. Me har fått ei litt open oppgåve, så me har kunna jobba med det me synest er mest interessant, fortel Tobias Aarekol.

Saman med Tone Kringeland frå Grinde har han utforska smart energistyring for næringsbygg og industrikundar på Haugalandet, med hovudfokus på solceller og batterilagring i løpet av seks veker hos Helgevold. Målet har vore å finna ut korleis fornybar energi kan utnyttast meir effektivt, redusera straumforbruket og bidra til grønare energiløysingar for framtida.

Sildikon Valley-programmet blir gjennomført i regi av Haugaland Vekst. Det samlar studentar frå heile Noreg for å jobba med oppgåver gitt av bedrifter på Haugalandet. Forutan Aarekol har Grannar-distriktet vore representert med Ingeborg Owe (23) frå Vikebygd i Haugaland Kraft, og vikedalsbuen Vera Gjerde (20) og etnebuen Inger Constanse Eidhammer Lunde (23) i Vindafjord kommune. I tillegg har AutoStore hatt seks studentar på sitt hovudkontor i Vats.

God læring

Aarekol studerer fornybar energi ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim. Han var ute etter ein relevant sommarjobb for studiet sitt då han kom over Sildikon Valley-moglegheita.

Sidan han er frå Ølen, har han alltid kjent til Helgevold og at dei er store innanfor elektro. Då Aarekol fann ut at dei har begynt å satse ganske stort innan fornybar energi, blei det interessant for han å søkje dit. Eigentleg studerer ølensbuen vatn og vindretning, men han synest det har vore kjekt å utforske sol i sommar.

— Eg har fått brukt ein del frå studiet mitt og lært mykje nytt. I tillegg har eg fått innsikt i korleis ein arbeidskvardag er, kontra ein studiekvardag, seier Aarekol.

Neste år skal han skrive bacheloroppgåve. Etter det vil han sjå om han skal gå rett vidare til ein mastergrad eller jobba litt først. Ølensbuen fortel at han på lang sikt har tenkt seg heim til Vindafjord, og viser til dei gode jobbmoglegheitene på Haugalandet.

Tone Kringeland og Tobias Aarekol har jobba i Helgevold i sommar.

App om trulege straumbrot

Ingeborg Owe frå Vikebygd har jobba hos Haugaland Kraft i Haugesund i sommar. Det har vore eit samarbeid mellom tre studentar hos Haugaland Kraft og tre andre hos Bouvet i Haugesund om å utvikla ein maskinlæringsmodell som kan føreseia kvar, når og kvifor straumbrot mest truleg vil oppstå.

Ved å analysera store datamengder – frå vêrforhold til historiske feil – jobbar studentane for å gjera straumnettet meir effektivt og robust. Owe synest det har vore veldig kjekt og lærerikt.

— Her har eg fått mange nye og gode erfaringar å ta med meg vidare, seier vikebuen.

Ingeborg Owe har hatt sommarjobb i Haugaland Kraft.

Dei har utvikla ein app med prediksjonane sine av kvar det mest truleg vil oppstå straumbrot. Med arbeidet sitt har gruppa hjelpt Haugaland Kraft sitt nettselskap Fagne. Under avslutninga av Sildikon Valley i Haugesund fredag blei gruppa kåra til vinnarar av beste samfunnsnyttige prosjekt.

Nyleg blei Owe ferdig med ein bachelorgrad i informatikk-matematikk-økonomi ved Universitetet i Bergen. Ho synest datavitskap er eit spennande fagfelt, og har gleda seg over å få jobba med det i sommar. På sikt kan det bli aktuelt for ho å flytta tilbake til Grannar-distriktet, og ho er spesielt glad i heimbygda.

Håvard Østebø (f.v.), May Linn Kaarhus, Sivert Brattgjerd, Pavel Gulin og Ingeborg Owe har hatt sommarjobbar i Bouvet og Haugaland Kraft, og fekk prisen for prosjektet med best samfunnsnytte. Daniel Lønning var òg med på teamet, men var ikkje til stades då biletet blei teke.

Kjem heim

Som influensarar for Vindafjord har Vera Gjerde frå Vikedal og etnebuen Inger Constanse Eidhammer Lunde hatt som jobb å promotere Vindafjord som ein god kommune å jobba og bu i.

— Det har vore draumesommarjobben, fortel Gjerde.

Ho og Eidhammer Lunde har jobba med å synleggjera kommunen, laga ein rekrutteringsbank, så vel som ein biletbank. Dei arrangerte også ein karrierekveld med 11 bedrifter. Vikedalsbuen fortel at problemstillinga deira har vore at det Vindafjord manglar, ikkje er arbeidsplassar, men folk. Difor har dei også hatt fokus på å vise fram kva folk kan driva med på fritida si.

Til vanleg studerer Gjerde organisasjonspsykologi og HR-leiing på BI, noko ho synest er veldig spennande. Dette fagområdet følte ho at ho fekk brukt i sommarjobben. Ho har to år gjennom på bachelorgraden sin og planar om å ta ein mastergrad.

— På lang sikt har eg lyst til å enda opp i Vindafjord. Om det blir fem eller ti år til, veit eg ikkje, avsluttar vikedalsbuen.

Vera Gjerde (t.v.) og Inger Constanse Eidhammer Lunde har vore influensarar for Vindafjord kommune i sommar. ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN

Powered by Labrador CMS