Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Tom Roger Aadland .Foto: Edgar G. Bachel 18
Tom Roger Aadland .

Eit dryss av ny musikk i vår

Publisert Sist oppdatert

Motgift» er namnet på Tom Roger Aadland frå Vikebygd sitt niande album, som kjem ut fredag 5. mars, men allereie no kan han by på ein aldri så liten smakebit. På veg til deg er namnet på den første singelen frå Aadland si nye plate, og er ein rocka låt som blir sparka i gang av energiske trommer og breibeina gitarar, og som overraskar med eit herleg løft i refrenget. Bandet står fram som inspirerande og med stor speleglede, og musikken har god framdrift.

Aadland sine evner som tekstforfattar er godt kjend, og i dette niande albumet viser han atter ein gong si teft for humoristiske, bitande og gode formuleringar.

På veg til deg, er spelt inn med dei same musikarane som medverka på konsertalbumet Live i Oslo Konserthus i 2019. Karl Oluf Wennerberg er sentral i bandet med sitt energiske trommespel, Kjetil Steensnæs og Kristian Kvalavåg utfyller kvarandre perfekt på gitar, mens Mikael Lindqvist spelar keyboard, med hjarta utanpå skjorta», blir det påstått. Ruben Fredheim Oma er solid på bass, mens Dag Stiberg og Espen Reinersen er begge saksofonistar.

Powered by Labrador CMS