Kristin Golf (V) la fram eit felles høyringssvar frå politikarane. Her krev dei at jord- og sjøkabelalternativet skal utgreiast.
Einige om utgreiingskrav av sjøkabel
Det var eit samla Etne kommunestyre som stilte seg bak kravet om fullstendig utgreiing av sjøkabelalternativet Matre – Ålfjorden som alternativ trase, då endringssøknaden frå Statnett skulle handsamast tysdag. Det gledde dei mange frammøtte demonstrantane som kjempar for fjell utan monstermaster.
I Etne har det mildt sagt storma rundt debatten jord- og sjøkabel versus kraftlinjer frå Blåfalli til Gismarvik, og då høyringssvaret frå Statnett skulle opp i kommunestyret tysdag, stilte mellom 120 og 130 personar opp til roleg demonstrasjon i forkant av møtet. Fleire hadde med seg plakatar for å understreka sin motstand mot monstermastene som er planlagde i Etnefjella, og både Johan Strømsvold frå Teknisk gruppe, Terje Kolbotn frå Rødt og Sigbjørn Framnes frå Frp heldt appell utanfor tinghuset før møtet.
— Over heile landet reiser det seg no motstand mot å rasera enno meir sårbar natur. Me treng ny energipolitikk i Noreg, der kampen for miljø og arbeidsplassar er to sider av same sak. Statnett har fleire stader tura fram med si valdtekt av natur, miljø og fritidsinteresser, og denne saka vil i løpet av våren bli ei prinsippsak på Stortinget. Vår utfordring til myndigheitene i dag er om hovudregelen framleis skal vera at sentralnettet til Statnett skal leggjast i luftspenn, eller om hovudregelen i framtida skal vera sjø- og jordkabel for å skåna naturen for framtidige generasjonar, sa Rødt-politikar, Terje Kolbotn frå Odda.
Elin Magdalena Mæland frå Haugesund og Bømlo var ei av dei som stod å lytta til alle appellane, og ho hadde tatt vegen frå Haugesund berre for å vera med på demonstrasjonen. — Det gjer eg fordi det er så viktig å kjempa mot slike store inngrep som er planlagde i fjella her i Etne. Det er kjempeviktig å kjempa mot slikt, seier ho.