Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Steinar AalvikFoto: Atle Aas
Steinar Aalvik

På tampen

Ein tingest

Publisert Sist oppdatert

Ein dag gjekk eg omkring i gamlahuset og lurte på kva eg skal med alle desse skattane som eg har samla meg her på jorda, der mol og makk øyder. I det største kottet fann eg kista etter Anna Arnesdtr. Fiksen. Nykelen mangla, men kista var ulåst, og loket stod på gløtt. Det var tydeleg at måtten har vore tru mot sitt kall, men det såg ut til å vera ei påkosta kista. Under leddiken var det ei lita skuffe til å dra ut. I skuffa låg to sokkaband med fantastisk fine fargar, og ein tingest som eg aldri har sett før, men som eg kjende att av omtale.

Søndag 7. april 1940, var det gjestabod i Gamlatræet. Det var han Mads Knutsen som hadde teke familien med seg frå Haugesund og til Etne, for å helsa på yngste systera si. Eg vil tru at det vanka både potekaker med smør, mjølkekaker med sukker og kaffi, krydra med godt landsens preik. Så reiste haugesundarane heim att til seg sjølve. Men det gjekk berre eit par dagar så stod familien Knutsen atter på tunet. Dette var då merkeleg, dei hadde då nett vore her. Men dei hadde nytt å fortelja. Landet var hærteke av ei framand makt, og dei fann det best å reisa frå byen for ei stund.

Seinare kom det norske soldatar til gards. Dei la seg til i løa. Det seiest at då Sigvalds-Anno skulle i floren om kvelden stod det ein stabel med Krag Jørgensen og stødde seg mot kista, der ho hadde mjølet til kyrne. Tradisjonen veit å fortelja at ho uffa seg fælt». Dei norske soldatane hadde vel kanskje sett føre seg eit større slag på Fikse, men dette vart visst avgrensa til ein skoten motorsykkelordonans. Så forlét den norske hæren løa i Gamlatræet og drog seg lenger inn i reservatet.

Powered by Labrador CMS