På tampen
Ein sommar utan smarttelefon
Eg er jo ikkje ein sånn som er avhengig av mobilen!», sa eg. Eg trudde faktisk ikkje det. Eg såg på meg sjølv som ei som var bevisst og ei som kunne leggje vekk mobilen når som helst.
Heilt til den dagen Iphonen min plutseleg slutta å fungere. Og, brått stod eg der utan smarttelefon ein heil dag. Eg vart stressa. Skikkeleg stressa. Kva om nokon prøvde å få tak i meg? Kva om nokon hadde likt eit bilete på Instagram utan at eg hadde fått det med meg? Kva om eg gjekk glipp av noko?
Og det var då eg innsåg det. Eg hadde faktisk ikkje vore ein einaste dag utan smarttelefon sidan eg fekk min første på barneskulen. Over ti år – konstant tilgjengeleg.
Så då mobilen etter kvart kom til liv igjen, bestemte eg for å ta ein pause. Ein heil sommar – med ein gammal Nokia.
Dei første dagane var merkelege. Som å miste ein god ven. Eg fikla i lommene etter noko som tidlegare underhaldt meg. Mens no var det berre ein liten skjerm der ingenting skjedde. Ingen Snapchat-varsling, ingen tal på kor mange likes eg hadde fått på Facebook. Ikkje ein gong Google Maps var mogleg å få inn på den vesle tingen. Berre spelet Snake, og eit batteri som varte i ei veke.
Det er jo trass alt her livet skjer – ikkje på skjermen
Eg måtte til og med spørje folk om vegen når eg ikkje fann fram. Litt flaut i starten, men det førte til overraskande mange fine menneskemøte. Smil og latterar frå framande, og folk som ville hjelpe.
I starten kjendest dagane lengre, og kanskje litt kjedelege. Men etter kvart byrja eg å leggje merke til meir i løpet av ein dag. Eg såg folk på trikken, på flyplassen, i samtalar på kafé. Eg la merke til menneske eg før berre hadde gått rett forbi. Eg prata meir med dei eg var saman med, og eg var meir til stades.
Likevel var det ikkje berre idyll. Det tok plutseleg femten minuttar å skrive ei melding, og eg vart misforstått fordi eg ikkje kunne sende hjarte-emojien eg alltid brukte. Å finne fram utan GPS? Eit lite eventyr kvar gong.
Etter sommaren fekk eg smarttelefonen tilbake, og ting gjekk fort tilbake til normalen. Eg skal ikkje late som eg aldri scrollar – for det gjer eg. Men noko har likevel endra seg. Kvar gong eg får lyst til å berre sjekke noko», prøver eg å hugse korleis det var utan. Stillheita. Friheita. For det er jo trass alt her livet skjer – ikkje på skjermen, men rett framføre oss.
Emma Bjelland Ingebrigtsen