Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Ein samlingstad for grenda

Publisert Sist oppdatert

Eit lite kvitmåla hus tett ved hovudvegen på Haugsgjerdet er blitt eit populært samlingspunkt for bygda. Her samlast folk til god gamaldags basar, kosekveldar med mat og underhaldning eller dei tek turen innom for å få seg ein komlemiddag i påskehelga. Og når det trengst ei ryddeøkt langs vegen eller litt vedlikehaldsarbeid på bygninga stiller bygdefolket villig opp til dugnad.

— Nå skal me leggja nytt tak på tilbygget. Det blei lekkasje på kjøkkenet då det regna mykje i haust. Og snart nærmar vårdugnaden seg. Då pleier me plukka søppel langs vegen og utføra litt vedlikehald. Folk i krinsen stiller opp til dugnad og på dugnadsdagen har me grilling om vêret er fint. Det er kjekt og sosialt, seier styreleiar i Bygdelaget Haugsbu, Ernst Arne Sælevik.

Den faste haustbasaren er årets høgdepunkt. Då går folk mann av huse for å prøva vinnarlukka og for å slå av ein prat i godt lag.

Powered by Labrador CMS