Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Noreg er sikra eit stort parti vaksinedosar tidleg i 2021.Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Noreg er sikra eit stort parti vaksinedosar tidleg i 2021.

Ein halv million dosar i første kvartal

NPK: To avtalar om sal av vaksinar til Noreg er ferdigstilt. Det inneber at Noreg får minst 500.000 dosar av Pfizer-vaksinen i første kvartal, ifølgje VG.

Totalt får Noreg kjøpe 2,5 millionar vaksinedosar, som er éin prosent av det EU har avtalt å kjøpe hittil.

— Totalvolumet er 2,5 millionar dosar. Så er det alltid litt uvisst med leveranseskjema, men minst 500.000 dosar kjem i første kvartal frå Pfizer, seier Sveriges vaksinekoordinator Richard Bergström til VG.

Han forhandlar vaksineinnkjøpsavtalar for EU, og er den som sikrar Noreg vaksinar ved at Sverige kjøper inn Noregs dosar, og vidaresal dei til Noreg.

Til no er to slike vidaresalsavtaler ferdigstilte. Førre veke vart Pfizer-avtalen ferdig, og i oktober vart avtalen for Oxford/AstraZenecas vaksinekandidat klar.

Powered by Labrador CMS