Lesaren melder
Ein annleis skuledag
Elevane i 6.klasse ved Vats skule fekk sist torsdag ein annleis dag i mat og helse. Vats bygdekvinnelag, Vats bondelag og Nortura gjekk saman slik at elevane fekk sau og lam på menyen.
Stian Espedal, småferådgjevar for Nortura, hadde med seg eit lam han parterte for elevane. Han forklarte og fortalde, både om sau, lam, slakting og partering. Han viste og fotalde om dei ulike delane på lammet, kva dei heitte og korleis ein kunne bruke dei.
Lammet vart delt opp i mellom anna indre- og ytrefilet, lammeskank, svangar og kraftbein. Her fekk ein verkeleg sjå det å nytte heile dyret i praksis. Det imponerte å sjå mengden som ikkje vart nytta til mat etter at dyret var ferdig partert. Det var ikkje meir enn at ein fekk plass til det i neven.