Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Ei unik samling kvardagshistorie

Publisert Sist oppdatert

I enden av Sjoargata midt i Ølen sentrum ligg ei lita kvitmåla stove som opp gjennom åra har husa både smed og skreddar, og har gitt tak over hovudet for familiar heilt sidan det blei sett opp i 1862. Fram til 2007 var huset i privat eige, og i dag er det Ølen og Bjoa sogelag som har tatt over ansvaret for den vesle eigedomen.

Huset har nå fått status som museum og er fylt med gjenstandar som speglar dagleglivet slik det kunne vera i ei lita vestlandsbygd for over hundre år sidan og fram mot midten av førre århundre.

— I starten var huset bustad for ein smed som hadde smie i kjellaren. Den gamle smia står her framleis, fortel leiar for Krambua museum, Magnus Arne Andersen og viser fram den enorme omnen som er sett i stand av kyndige handverkarar og framstår i dag slik den gjorde på slutten av 1800.

Powered by Labrador CMS