Sandra Kaldheim har fått Grannarblomen for innsatsen ho har gjort i lokalbygda Sandeid. FOTO: RENATE SÆVAREID
Sandra Kaldheim har fått Grannarblomen for innsatsen ho har gjort i lokalbygda Sandeid.

Grannarblomen

Ei audmjuk eldsjel

— Eg set skikkeleg pris på at nokon har nominert meg til Grannarblomen, seier Sandra Kaldheim (31). Samtidig peikar ho på at alt ho har vore med på er i godt samarbeid med andre.

Publisert Sist oppdatert

Grannarblomen er tilbake! Kvar veke i sommar deler lokalavisa ut ein blome til ein person som på frivillig basis bidreg til å gjere lokalsamfunnet sitt til ein betre plass å bu. Først ut i år er Sandra Kaldheim, som får Grannarblomen for sin innsats i lokalbygda Sandeid. Ho blei nominert av ein lesar for fleire ting ho har vore med på, men størst av det ho har halde på med i det siste er den store innsatsen ho har gjort for uteområdet til Sandeid barnehage. I tillegg nemner forslagsstillar at ho har dratt i gang Hopp & sprett», ho stiller opp for Sandeid Ungdomslag og hjelper til med kostyme, og er med i både Røde Kors og SU i Sandeid Barnehage. Ho blir beskrive som ei positiv dame som verkeleg står på for andre.

Flytta tilbake til heimbygda

Sandra og mannen hennar Tom Hove Tønnessen, som opphavleg er frå Sandnes, bur no i Sandeid og har to barn på to og fire år. Ho og mannen budde i Sandnes fram til 2021, men så flytta dei til Sandeid. Huset dei bur i no, har dei totalrenovert sjølve. Der mannen og faren hennar har gjort det meste. Til dagleg jobbar ho som fabrikksjef i Ølen Betong sitt produksjonsanlegg i Sandeid. Ho er utdanna sivilingeniør med master i konstruksjonar og materialar frå Universitet i Stavanger. Ettermiddagane brukar ho saman med familien sin, og kveldane kan ho bruka meir til dugnadsarbeid. Ho seier at når det gjeld å få tid til alt dugnadsarbeidet, må det prioriteringar til.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS