Ane Sandal Solberg og Håvard Kambo håpar kommunen imøtekjem krava deira om høgare vakttillegg. Foto: Grethe Hopland Ravn
Ane Sandal Solberg og Håvard Kambo håpar kommunen imøtekjem krava deira om høgare vakttillegg.

Dyrlegevakt for 117 kroner timen: — Ikkje berekraftig

Veterinærane Ane Sandal Solberg, Håvard Kambo og Benedicte Gravdal Mæhlum krev at Etne kommune betalar meir for veterinærvaktene. — 117 kroner timen vekedagar og 165 kroner timen helgevakt, er ikkje berekraftig, uttalar dei.

Publisert Sist oppdatert

Dei tre veterinærane i Etne kommune meiner dagens lønn er alt for dårleg og at vaktene bind dei opp på ein måte som ikkje er berekraftig på sikt. Vaktene deira startar klokka 16 om ettermiddagen og varer fram til klokka 8 neste morgon. Per i dag samarbeider dei også med Vindafjord kommune på nattevaktene, men det er stadig færre distrikt i Noreg som har ei slik ordning. Og når det kjem til honoraret for vaktene, har dei per i dag, 117 kroner i timen for vekedagar og 165 kroner i timen for helg. For eit fullt årsverk utgjer dette 270 000 kroner, noko dei meiner er altfor lite.

— Det er ganske dårleg betalt for 1.800 timar med vaktarbeid i året, seier Håvard Kambo.

Veterinærforeininga har prøvd å forhandla med staten om høgare tilskot, utan hell. Derfor har fleire vaktdistrikt no starta forhandlingar med sine kommunar for å få betre betalt, og rundt 60-70 av dei 160 vaktdistrikta har forhandla seg fram til betre vilkår.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS