Illustrasjonsfoto
Dramatisk natt for hund
I 21.30-tida fredag kveld fekk 110-sentralen Sør-Vest inn melding om ein hund som var i nød. Meldinga kom frå Årkafjorden, der ein hund hadde falt utanfor ein bratt skrent med vanskeleg tilkomst. Brannmannskap frå Etne stasjon rykte ut for å sjå om det var mogleg å redda hunden. Ein time etter at meldinga kom inn var mannskapet på plass på staden. Dei kunne høyra hunden godt, men kunne ikkje sjå hunden. Mannskapet prøvde å ta seg ned til hunden og ved å ta seg inn via sjøvegen og klatre frå nedsida. Dessverre måtte mannskapet fastslå at det ikkje var mogleg for dei å koma fram til hunden på dåverande tidspunkt. Det var for bratt og for mørkt. I tillegg trakk hunden seg unna då dei nærma seg han.
Redda laurdag