Haugaland og Sunnhordland tingrett
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Dømt til fengsel for vald, truslar, narkotika og ulovlege våpen
Ein mann i 30-åra frå Vindafjord er dømt til seks månader fengsel etter ei omfattande straffesak i Haugaland og Sunnhordland tingrett.
Saka omhandla fleire alvorlege forhold, mellom anna truslar, vald mot offentleg tenesteperson, narkotikaforbrytingar og brot på våpenlova. Mannen blei arrestert under ein festival i fjor, der han mellom anna trua den eine politibetjenten og spytta begge dei to politibetjentane som deltok i pågripinga i ansiktet. Retten la til grunn at dette var alvorlege truslar og vald retta mot offentlege tenestepersonar, og dømde han etter straffelova paragraf 155.
Truslar
På same festival skal han òg ha kome med grove truslar til ei kvinne. Truslane var retta mot familien til kvinna, mens han forma handa som ein pistol. Retten delte seg i vurderinga av denne hendinga, men fleirtalet kom fram til at truslane var alvorlege og forsettlege, og domfelte mannen for dette forholdet. Mannen blei også dømt for å ha køyrt bil under påverknad av THC ved to høve, samt for å ha køyrt over sperrelinje og brote fartsgrensa med 30 km/t i ei 50-sone. Han mista førarretten i ti månader og må ta full førarprøve på nytt.