Kommuneval 2023
Difor vart Frp vraka av Høgre i Etne
Mange har merka seg at Høgre har gått i kompaniskap med Sp, Ap og KrF for å få makt i Etne kommunestyre. No forklarar Høgre om kvifor dei valde dette framfor Frp.
Arild Stenberg, som var Høgre sin ordførarkandidat har sendt ut ei pressemelding på vegner av lokalpartiet, kor dei forklarar årsaka til at mellom anna Frp er vendt ryggen:
— Ville ikkje fått fleirtal
— Høgre gjennomførte forhandlingane etter valet med det utgangspunkt at veljarane si meining skal respekterast, sjølv om forskjellen var svært liten. Me var difor i kontakt med begge dei største partia, men skjøna etter kvart at alternativet med Frp og Høgre ikkje ville få fleirtal, skriver han.
I meldinga skriv han at Høgre difor gjekk saman med Sp, Ap og KrF for å sikre at veljarane får noko att for å ha stemt Høgre.
— Ut frå storleiken på kommunestyregruppa meiner me at Høgre her har fått god utteljing. Nå har Høgre større sjansar til å slå gjennom med politikken sin, heiter det i meldinga.
Ap + H = Sant
Kaolisjonar kor Ap og Høgre går i lag ville ha vore oppsiktsvekkande på nasjonalt nivå, men er ikkje heilt uvanleg på lokalt nivå. Etter siste val er det landa slike samarbeid i mellom anna Etne sin nabokommune Ullensvang, også i Selbu i Trøndelag.