Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Sparebankstiftinga gjer i dette debattinnlegget greie for gåva dei ønskjer å gi til Skakke.ARKIVFOTO: RENATE SÆVAREID
Sparebankstiftinga gjer i dette debattinnlegget greie for gåva dei ønskjer å gi til Skakke.

Dialogen rundt Skakke held fram

Publisert Sist oppdatert

Skakke SA står framfor omfattande endringar, og dialogen mellom Sparebankstiftinga, kommunen og styret i Skakke held fram. Kommunedirektør Filippo Ballarin informerte Etne kommunestyre tysdag at prosessen som har vore i gang både før og etter sommaren, har hovudsakleg handla om innhenting av informasjon og avklaringar knytt til selskapet sin framtidige struktur.

Innan nyttår

Det siste nye i saka er at Sparebankstiftinga planlegg å overrekke pengegåva til Skakke SA innan 31. desember 2024, under føresetnad av at eit lån på 4 millionar kroner blir ettergjeve av kommunen. Som ein del av denne prosessen skal selskapet omdannast frå eit samvirkeføretak (SA) til eit aksjeselskap (AS). Sparebankstiftinga har tidlegare signalisert at kommunen bør redusera eigardelen sin i selskapet betydeleg, og no kan det sjå ut til at kommunen sin eigardel vil bli redusert til under 10 prosent. Det inneber at aksjar kan bli overførte til både stiftinga og ein tredjepart, som framleis ikkje er endeleg avklart.

Powered by Labrador CMS