Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Det viste seg at dei hadde Åkrafjorden til felles

Publisert Sist oppdatert

Slik trefte dei to jamgamle siviløkonomane kvarandre første gong. Treffet kunne like gjerne ha vore på 60-talet på Eikemo kor Bjelland hadde nær familie. Bjelland noterte seg at Bringeland slo om på norsk då dei helste på kvarandre, og Bringeland reagerte på namnet Bjelland.

Bringeland forklarte norsken sin med at han hadde norske foreldre og at han hadde budd i Noreg i tidleg barndom. Han fortalde at han hadde gått i 1. klasse på Eikemo skule, og då sperra den opphavlege sandeidbuen Bjelland augene opp og fortalde om si knyting til Bjelland-garden på same side av fjorden. Bringeland hadde sjølvsagt høyrt om den storstilte renoveringa noko lengre ute på same veglause side av Åkrafjorden, men ante ikkje at han denne dagen skulle sitja ovanfor hovudpersonen i dette.

Far til Osvald Bjelland, Kristoffer Bjelland, vaks opp i ein søskenflokk på fjorten på Bjelland. Han gifta seg med Henny (f. Hettervik) frå Borgøy i Tysvær, og dei flytta etter kvart til Sandeid der dei tok over og vidareutvikla ein daglegvarebutikk. I 1986 døydde Johannes Bjelland, bror til Kristoffer, som den siste fastbuande på Bjelland. Etter det var det svært mange etterkomarar som heldt garden nokolunde i stand. Det vart upraktisk, og fleire år seinare fekk Osvald Bjelland og kona Thorhild Widwey tilslaget på å kjøpa andre slektningar ut. Så starta ei storstilt renovering, og i dag framstår klyngetunet som eit smykke kor mykje er autentisk, og anna høgt moderne sjølv om det frå utsida ikkje er så synleg. Det var til dømes ikkje flygel i låvebygget på Bjelland i gamle dagar!

Powered by Labrador CMS