Inga-Cecilie Sørheim.
Foto: Privat
På tampen
Det viktigaste for oss
Når nauda er størst, er hjelpa nærast. Berre eit uttrykk, eller sant? Tenk deg at du treng akutt helsehjelp. Kva skjer når du ringer 113? Alarm vil gå til ambulanse og legevakt. Ambulanse rykker ut. Lege rykker ut eller er tilgjengeleg via radio på nødnettet. Basert på opplysningar frå ambulanse, vil lege avgjere vidare tiltak. Skal du fraktast til legevakta, eller direkte til sjukehus? I dei mest alvorlege tilfella kan transport med helikopter til større sjukehus vere aktuelt. Uansett vil akuttmedisinske tiltak startast av ambulansepersonell, i samråd med lege.
Helsevesenet vårt er under konstant press. Aukande forventningar og krav kolliderer med stadige truslar om budsjettkutt og nedskjeringar. Helsevesenet kneler», skriv femti kommuneoverlegar i ein kronikk på NRK Ytring. Dei er bekymra for kutt og sentralisering. I Debatten sist veke var temaet Helse Nord sine forslag om nedlegging av akuttfunksjon ved fleire lokalsjukehus i regionen. Fleire stader i distrikts-Norge lever ein med stadige forslag om nedlegging eller sentralisering av legevakter og akuttsjukehus.
Kva er det viktigaste for oss? Eg trur at god helse for seg sjølv og sine nærmaste er det viktigaste for folk. Det å føle seg trygg på at ein får akutt hjelp når ein treng det. Ingenting skapar frykt på same måte som utryggheit rundt liv og helse. Frykt er bensin for fakkeltoget!