Lesaren melder
Det gjekk and i Vikedal
Det blei ein flott dag i Vikedal 1 mai, der også vêret spelte på lag!
Heile 864 ender tok turen nedover Vikedalselva rundt Prestaneset. Ikkje alle kom i mål, så det blei ein plukkejobb av endene etterpå. Det blir nok evaluering til neste år om lengde løp og kor som egnar seg best for andeløp, dette var jo første året. Lærerikt og kjekt. Mykje folk kom for å sjå på andeløpet og i finvêret.
Aktivitetsløpya elevane lagde til, samla 47 deltakarar og fleire vinnarar i både individuelt og lag. Det synest vi var kjekt med såpass mange deltakarar første året.
Vinnarar av andeløp og aktivitetsløypa ligger ute på vikedal.no og Fokus Sandeid sine Facebook-sider.
9. klasse fekk inn mykje lopper, og mange tilreisande kom og handla på ein flott og variert loppemarknad. Kafeen blei utselt for både kaker og anna mat vi serverte. Elevane gjorde ein kjempeinnsats og stod på heile dagen for å få dette til. Arrangementet gav eit godt resultat for klasseturen, som nå er nesten heilt ferdig inntent.
Tusen takk til alle som kom, til alle som har levert lopper og kjøpt ender!
Takk for oss i 9. klasse. Det går and å sende stafettpinnen videre nå til 2010 kullet for 2025.
Anne Cecilie Berentsen, dugnad- og reisekomiteen til foreldra

Det var stor aktivitet i Vikedal 1. mai. Foto: Privat