Emma Bjelland Ingebrigtsen.
Foto: Rina AspmoFOTO: Rina Aspmo
Det finst innsikt og lærdom i omvegar
Eg har flytta, bytta studiar, flytta heim igjen med halen mellom beina, sagt opp ein jobb eg fyrst var gira på, og angra på ting eg i utgangspunktet sa ja til og deretter vendt tilbake til det gamle igjen. Det har ofte kjendest ut som eit nederlag, og som om eg på ein måte ikkje fekk det til. Likevel har alle desse vala noko felles – at eg lærte noko av dei. Og, eg har innsett at det faktisk er heilt greitt å snu.
For kva om alle desse omvala eigentleg ikkje var ein feil, eller ein bomtur, men berre ei erfaring rikare?
For vi menneske er naturlege nysgjerrige vesen. Vi søker etter meining, utvikling og forandring. Det å prøve noko nytt, sjølv om det ikkje alltid endar opp med å vere rett for oss, er difor ofte eit teikn på mot. Fordi vi har vi som regel lært noko om oss sjølve – noko vi kanskje aldri hadde visst, om vi berre vert verande der vi var.