— Det er folka som gjer at det er kjekt å bu her
— I og med at me starta opp i 2022, er tradisjonane våre relativt ferske, fortel Elin Arianson, eit av styremedlemma i Utbjoa grendahus.
I fjor var det første gang at styret inviterte til solfest.
— Tradisjonen er nok mest vanleg i Nord-Norge, men her på Bjoa er det fleire som mistar sola nokre veker kvar vinter. No har vel dei fleste fått sola tilbake, og difor har me solfest, fortel Arianson.