Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Steinar Aalvik
Steinar Aalvik

På tampen

Det året eg gjekk og las

Publisert Sist oppdatert

Det var det året eg gjekk og las. Då var det Gerhard Austefjord som stod for underhaldninga. Ein gong var han i det filosofiska hjørna, og gav seg til å greia ut om livet som fenomen. Det forhalt seg visst slik, at var me først fødde, så for me omkring i livet og filosoferte over det me hadde i vente. Berre me nådde den og den milepælen, så skulle me få oppleva vår beste tid. Så, stilt og umerkande snudde det seg, og me vart gåande der å tenkja oss attende, og grubla på kva tid me i grunnen hadde hatt vår beste tid. Eg kan ikkje hugsa at det vart knytt noka bibelreferanse til denne filosofien, og kvifor dette dukkar fram i minne, her eg sit i varmepumpevarmen og balar med å få til ein snutt til baksida på bygdebladet Grannar 46 år seinare, det må me alle ha lov til å lura på.

Powered by Labrador CMS