Offer for taktisk røysting. Steinar Frønsdal er lokallagsleiar i Etne KrF og hadde 1. plass på vallista.ARKIVFOTO
Offer for taktisk røysting. Steinar Frønsdal er lokallagsleiar i Etne KrF og hadde 1. plass på vallista.ARKIVFOTO

Desse skal styra i Etne og Vindafjord

Etne KrF sin toppkandidat og partileiar kom ikkje inn i det nye kommunestyret

Publisert Sist oppdatert

Tysdag kveld blei det avklart kva kandidatar som har fått fast plass i dei nye kommunestyra i Etne og Vindafjord. Den største overraskinga kom i Etne, der KrF sin kumulerte toppkandidat, Steinar Frønsdal, ikkje blei vald inn.

Partiet gjorde eitt godt val og greidde å behalda to mandat trass i at kommunestyret er redusert med fire plassar. I staden for Frønsdal som stod på sikker» plass og er leiar i lokallaget, på gjekk mandatet til Knut Erik Ebne. Dermed er begge KrF-representane frå Skånevik.

For fire år sidan blei Ebne valt inn på Sp si liste, men meldte seg ut av partiet i forkant av det konstituerande kommunestyret i 2015. Han grunngav avgjerda med at han var misnøgd med ikkje å få plass i formannskapet. Seinare stilte han seg disponibel for KrF.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS