På tampen
Desse blondinene
Eg burde vel skiva eitkvart om blondiner. Eg meiner å ha lese at både Tarjei Vesaas, Olav H Hauge og Ingvar Moe skreiv litt om Marilyn Monroe. Det skulle elles ikkje vera så vanskeleg, her finnes då så mange. Eg kunne nå alltids skriva nokre ord om Benedicte Adrian, sånn innleiingsvis. Ho høyrer trass alt heime i min eigen generasjon. Det var vel kring 1980 at ho slo gjennom, som ein del av duoen Dolly, seinare Dolly de lux. Dei vann den norske finalen i melodi Grand Prix, året før Bobbysocks. Seinare spesialiserte dei seg på å kombinera rock og opera. Eg hadde ein viss sans for det der. Eg hugsar eg hadde kassetten Rock vs. Opera, liggjande i Ascona-en, men eg spelte han berre når eg var åleine i bilen. Coveret gøymde eg på botn i hanskerommet. Det var ikkje nok for landsens gutar å ha Ascona, det måtte vera Creedens eller Springsteen og.
For nokre år sidan heiv NRK seg på trenden med slektsgransking. I serien Hvem tror Du at du er?», fekk meir eller mindre halvkjendisar hjelp til å utforska sitt etniske og biologiske opphav. Serien er diverre ikkje lenger tilgjengeleg, så her må eg basera meg på mitt gode, men selektive minne. Eg minnest at ei av dei som fekk hjelp til å finna røtene sine, var Benedicte Adrian.
Det var ikkje nok for landsens gutar å ha Ascona, det måtte vera Creedens eller Springsteen og.
På morsida ætta ho frå ein liten gard på Nedstrand. Dei lukkast med å finna plassen, og ein kar som hadde vorten gåande att der. Mannen hadde for høvet kledd seg opp i bunad, og spelte trekkspel. Benedicte song attåt, og det såg ut som at dei hadde det retteleg triveleg. Det var morfar til Benedicte som kom frå denne garden. Han var vel det som i si tid vart kalla Gåverik landsungdom med hug til boka». Som ventande kunne vera, svinga han seg nok opp som lærar og kyrkjesongar. Attåt dette er det vel grunn til å frykta at han var både målmann, fråhaldsmann og venstremann, i same farten. Denne bestefaren levde livet sitt sør for Boknafjorden. Han vart ordførar i, om ikkje Sandnes, så var det vel ein av dei andre kommunane der omkring.
Ho Benedicte hadde ei herma etter denne bestefaren, noko han brukte å seia; han sa: Har du ikkje noko godt å seia, så ikkje sei noko». Eg veit ikkje om dei lagar slike folk lenger.
Epilog
Eg har no lukkast med å finna ut at denne bestefaren heitte Lars Vatsendvik. Han var ordførar i Sandnes frå 1965 til 1967, og representerte Venstre. Før den tid var han ordførar i gamle Høyland kommune. Han var disponent i Høyland Forbruksforening, og hadde mange tillitsverv i den kooperative rørsla, både lokalt og nasjonalt, og er nemnd som ein mann med fremdragende administrative evner» Det kan elles verka som at eg har prakka på han litt meir idealisme enn det er grunnlag for. Ein del påstandar i denne snutten bør difor utropast som daude og makteslause.
Steinar Aalvik