Inga-Cecilie Sørheim.
Foto: Privat
På tampen
Den kalde fine tida
Her kommer vinter’n, her kommer den kalde fine tida», hevda Jokke & Valentinerne for nokre år sidan. Enkelte kjenner at dei er fødde i feil kropp. Eg kjenner at eg er fødd i feil klima. Eg har prøvd, men klarar ikkje å like vinteren. Skapet mitt stappfullt av sommarkjolar og sandalar. Men eg bur altså i det kalde nord, på ein plass kjent for snømengder og skisport; høgt på strå med ei utsikt omvendt proporsjonal med kor framkommeleg det er på vinterføre.
Er januar årets lengste månad? I sosiale media blir det gjort eit nummer ut av at det kan følast sånn. Nyleg las eg om ein psykolog som påpeika at det ikkje er meininga at folk skal bu så langt nord. Me er skapte for bu nærare ekvator, der det er lyst like lenge som det er mørkt heile året. Mange kan kjenne på at det er ei mørk og tung tid nå. Vinterdepresjon er eit fenomen som rammar opp mot ti prosent av oss. Ein kjenner seg nedstemt, manglar energi og har auka søvnbehov.
Men, det må vel vere positive sider ved vinteren også? Joda, eg kan sette pris på ein skitur på ein gnistrande fin vinterdag, med sola i fjeset og kvikklunsj i lomma. Men kor mange slike dagar blir det i løpet av vinteren? Ikkje mange nok til å vege opp for ulempene med vinteren, kjennes det som. Eg prøver å vri hjernen for å komme på fleire fordelar ved vinteren. Innekos med fyr i omnen. Kakao. Kaldt soverom. Vintersport på TV? Hmm…Der stoppa det for min del. Og heilt ærleg, er det berre meg som synest det beste med slalåm er å ta av seg støvlane etterpå?