Vegard Skartland har ei svært sentral rolle i at Vendel-Agathe Sundgot Hide står på scena i Skjold i desse dagar, og i Festiviteten i Haugesund neste helg.
Dei to traff kvarandre som studentar på Norges miljø- og biovitenskapelige universitet på Ås. Der var dei i same storband, og søt storbandmusikk må ha oppstått mellom dei.
No har kjæresteparet og sambuarane hovudrollane som Galileo og Scaramouche under Queen-musikalen i nabobygda. Ho er frå Gjerdsvika på Sunnmøre, med Ulsteinvik som næraste større tettstad. Bygda på Gurskøya i Sande kommune kan samanliknast med Vikebygd i storleik, og som i Vikebygd er det er ei revy- og teatergruppe der òg.