Steinar Aalvik. Arkivfoto
På tampen
Cruise
Om eg har forstått det rett, så har me bønder den største auken i statlege overføringar nokon gong, i vente. No er det vel eit gamalt ord som seier noko om å ta inn med eine handa og ut att med hi, men her gjeld det nok å setja tæring etter næring. Eg har difor funne ut at eg vil kosta på meg eit cruise. Utfordringa vert då å finna eit reiarlag som ikkje fører kapitalen lukst i lommene på Trygve Hegnar. Heldigvis kom eg over ein annonse i Hordaland Folkeblad, der det var tillyst ein tur med den gamle fjordabåten D/S Stord. Turen gjekk frå Norheimsund og til Botn på Kristi Himmelfartsdag, med retur same dagen. Dei kunne ikkje skilta med danseband som på Danskebåten, men eit par felespelarar og ein på trekkspel hadde dei sett seg råd til. Dette var verkeleg noko for meg. Så då var det berre organisera seg litt, skaffa eit par billettar og ein avløysar, og dermed bør saka vera i boks.
Då eg som syttenåring oppsøkte verftsindustrien, var eg noko usikker på kor lurt dette var, og fann meg vel ikkje heilt til rettes med det. I matpausen tok eg ofte nisto med meg ned i fjæra, for å sjå på dei gamle fjell i syningom. Slike som Keisarhodlo, Gudmundsstølsnuten, Svelten og kva dei no heiter. Der nede hadde dei i si tid sprengt ut eit større krater då den nye dokkporten skulle byggjast. Inni der låg det fortøydd eit gamalt sarv av ein båt. Det var den ein gong så stolte HSD båten D/S Stord. Gode krefter hadde funne ut at fjordabåten hadde vore losjiskip for Blåkors i Oslo lenge nok. Dei kjøpte båten heim, skaffa dampmaskin frå England, og sette i gang med ei større restaurering. Eg brukar å ha ganske stor tolegrense for den urett og ulukker som råkar andre, men då veteranbåten Stord 1 vart totalskadd av brann på første turen etter restaureringa, tykte eg at det var for ille. Men visse typar har vondt for å gje seg. 28 år seinare stod båten på ny fram i all sin prakt.
Då Sigvaldsanno gifta seg til Gamlatræet i 1924, gjekk det elleve år før ho atter fekk sjå sitt kjære Tysnes. Ho tok fire born med seg på dampen, som gjekk på kryss og tvers rundt i Sunnhordland, og kom seg såleis fram til Tysnes og Sjurajoro. Seinare i livet kunne ho av og til fortelja, at då ho kom heim til seg sjølv etter langferda, hadde ho aldri nokon gong kjent seg meira utsliten.