Camingplass for sal etter konkurs
Campingplassen på Rullestad blir snart lagt ut for sal. Etne Sparebank er budd på at korona-pandemien kan syte for at det kan gå ei tid før ein finn nye eigarar.
30. oktober i år gjekk styret i Camp Rullestad AS til skifteretten etter at dei ikkje lenger såg at det var mogeleg å drive campingplassen vidare. Då hadde dei sidan sommaren 2018 forsøkt å få til ny drift. Dette etter at dei tidlegare drivarane av selskapet Halvfjordingen AS måtte kaste inn handkleet i april same år.
Møtte pandemi-veggen
Då konkursen i Camp Rullestad vart kjend, vart det uttalt frå styreleiar i selskapet, Adrian Thomson, at det ikkje berre var koronapandemien som var årsaka til konkursen.