Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Bygda skal markere 200-årsdag

Torsdag kveld skal det vera minnefest for husmannen Godskalk Frette på Frette bedehus. Han var initiativtakar til bygginga av bedehuset, og 20. september i år er det 200 år sidan han var fødd. Inne i bedehuset heng det eit eldgamalt bilete av han.

— Bilete av Godskalk har mint oss om at her er ein grunn til å skipa til ein fest der me kan minnast denne flotte husmannen, seier Gisle Sellevold som er med og arrangerer festen.

Godskalk var blant dei fattige i Etne og det var ikkje mange privilegium som husmann. På den tida stilte dei bakarst i køen, også i kyrkja. Trass i fattige kår kom han seg opp og fram i samfunnet. Han var både evnerik og hadde eit sterkt pågangsmot. Historia om han vil bli fortald på minnefesten av Ingvor Gundegjerde.

Powered by Labrador CMS