Bustad der sild blei lagt i boks
Sardinfabrikken i Skånevik stengte dørene i 2001 etter å ha vore i drift sidan 1908. No er det Kjetil Nedreskår saman med Haugli-familien i Haugesund som har hand om eigedommen.
I planen er det teikna inn ein einebustad for familie ytst på kaikanten, inntil sju leiligheiter/fritidsbustadar i den gamle fabrikken og eit tre etasjar høgt bygg med fire til fem leilegheiter i mellom desse. Den gamle fabrikkbygningen vil bevare sin kjente fasade ved Skåneviksvegen, og det vil bli offentleg kai promenade mot Prestevågen.
— Men me vil rive den nyaste hallen, som står nedanfor den eldste fabrikkdelen, for å få tomt til nybygga, fortel Nedreskår.