Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Ingeborg Dørheim har ansvaret for mjølkinga av fire kyr på Rauhelleren turisthytte i sommar. Jobben deler ho med bror Eirik. Hunden Susi er alltid med på jobben. Foto: Odd Gunnar Nordengen
Ingeborg Dørheim har ansvaret for mjølkinga av fire kyr på Rauhelleren turisthytte i sommar. Jobben deler ho med bror Eirik. Hunden Susi er alltid med på jobben.

Budeia på Rauhelleren

Publisert Sist oppdatert
— Eit fint liv, smiler Ingeborg Dørheim, budeie på Rauhelleren turisthytte på Hardangervidda.
Saman med broren Eirik (19) har Ølen-jenta ansvaret for fire kyr på den populære turisthytta, dryge fire timars gange frå Riksveg 7.
— Jobben kom heilt tilfeldig, fortel Ingeborg som elles i året jobbar som lærar på Sandeid skule.
— Bror Eirik jobbar som sauegjetar på vidda, og slik kom førespurnaden om budeiejobben på Rauhelleren. Vi blei einige om å dele, 14 dagar kvar i fjøset.

Tradisjonar

Heilt sidan Rauhelleren opna på 1920-tallet har det vore dyr på hytta i sommarsesongen. Ku, hest, gris og høner er blitt ein del av identiteten, noko som er populært, ikkje minst hos barnefamiliane.
Med plassering ein liten dagsmarsj frå veg, er det eit betydeleg stykke arbeid å få dyra både inn og ut av fjellet. Løysinga er god, gamaldags buføring for hest og ku, mens gris og høner blir frakta inn med hest.
— Ein del arbeid, men det er verdt det, seier Hans Olav Lægreid. Han er tredje generasjon vertskap og fast bestemt på å vidareføre tradisjonane.

Rekordar

Både Hardangervidda og andre fjellområde opplever rekordvekst i talet besøkande denne sommaren. Allereie tidleg i juli melde Den Norske Turistforening, som eig dei fleste hyttene, at tidlegare besøksstatistikkar kom til å ryke.
Hans Olav Lægreid bekreftar veksten.
— Fjellet trekkjer til seg betydeleg fleire enn tidlegare. Vi ser fleire unge og barnefamiliar, og det er gledeleg.
Det kan også synast som det er ei endring i måten å bruke fjellet på. Mens det tidlegare var mest vanleg med éi overnatting, vel fleire nå å bli ein dag eller to ekstra. Hytta blir brukt som utgangspunkt for dagsturar, fiske og andre aktivitetar.
Powered by Labrador CMS