Anna Klette Steinsland (42) er ivrig på å driva på med dugnad i Bjoa og resten av kommunen, og fekk denne veka Grannarblomen.
FOTO: RAGNHILD KRISTINE LØKKENFOTO: Ragnhild Kristine Løkken
Grannarblomen
Brenn for Bjoa
Dei siste tolv åra har Anna Klette Steinsland vore busett i Bjoa, og på den tida har ho engasjert seg i mange av arrangementa og komiteane som bygda byr på. Denne veka mottok ho Grannarblomen for innsats.
Anne Klette er oppvaksen på Bjoa, på nabogarden til der ho nå har stifta familie. Ho har vore ein aktiv del av lokalmiljøet frå ho var liten, og deltok på 4H og andre aktivitetar. Som sekstenåring flytta ho til Bergen for å gå på vidaregåande, og blei buande der fram til ho flytta tilbake til heimstaden hennar.
— Eg treivst kjempegodt dei åra eg budde i Bergen, og var ein stor konsument av både kultur og kunst. Men då småbarnsepoken nærma seg visste eg at eg ville at dei sko veksa opp på bygda slik som eg har gjort, og eg ynskja å ha familien nærme, så då passa det perfekt å flytta heim igjen, fortel Steinsland.
Mange prosjekt