Frå då det var 120 personar som var med på aktivitetsdagen til Mitt fargerike naboskap på Fjellstøl i 2023.
ARKIVFOTO: NILS TOKHEIM
Brei støtte til frivillig integrering
I budsjettet for 2025 var det sett av 200.000 kroner i tilskotsmidlar som lag og organisasjonar i Vindafjord kunne søkja om til integreringsfremjande tiltak. Det kom inn søknader på til saman 325.000 kroner. Kommunen har difor vurdert søknadene og fordelt midlane ut frå fastsette kriterium.
Ølen IL fekk det høgaste tilskotet på 40.000 kroner. Ølen ung og aktiv fekk 34.000 kroner, medan Mitt fargerike nabolag fekk 25.000. Norges jeger- og fiskarforbund Rogaland vart tildelt 26.000 kroner til sin aktivitet i Vindafjord.