— Brannen kan ha starta i sør
Brannen i Vinfafjordhallen kan sjå ut til å ha starta i den søre enden av bygget.
Det var natt til måndag 22. juli at Vindafjordhallen brann ned til grunnen.
Ingvar Gjærde, lensmann i Etne og Vindafjord, vil ikkje bekrefte lokaliseringa av brannen, anna enn at vitneobservasjonar kan tyde på at det er i den søre enden ein finn arnestaden.
— Det kan sjå ut som den har starta i den søre enden, seier han.
Området det er snakk om, er på sida mot garderobeanlegget og tribunen til sportsklubben. Brannårsaka er ennå ikkje oppklara.
— Den taktiske etterforskinga er nesten gjennomført. Den tekniske vil starte veka som startar måndag 12. august, fortel lensmannen.
Politiet har fått inn bilete og tips som har vore til god hjelp i etterforskinga.
— Me har fått vitne som har meldt seg, og i lag med folk som kom først til staden, har det danna seg eit bilde.
Ventar på det fulle bildet
Lensmannen vil ikkje røpe noko meir før dei etter den tekniske etterforskinga har fått eit fullverdig bilde av brannårsaka.
— Inntil då er det berre rykte og spekulasjonar, seier han.
Nokre personar har meldt seg og sagt dei grilla i nærleiken av hallen. Lensmannen vil ikkje seie noko meir om kor grillinga skal ha funne stad.
— Det blir ikkje sagt noko frå oss om det ryktet, det er ein del av etterforskinga, avsluttar Gjærde.