Ei ny returordning skal sikra at plast frå landbruket ikkje hamnar i vassdrag og andre stader i naturen.Illustrasjonsfoto: Merete Støfring / Vestland bondelag
Ei ny returordning skal sikra at plast frå landbruket ikkje hamnar i vassdrag og andre stader i naturen.

Bønder glade for ny returordning for plast

NPK: Det er glede blant bøndene fordi ei ny ordning for å returnere landbruksplast er sett i verk.

I 2019 vart det omsett nesten 13.500 tonn landbruksplast her i landet. Hausten same året fann forskarar plast i nesten alle elvane dei undersøkte på Vestlandet, og mesteparten var landbruksplast.

I dag er det ikkje noko krav om at bønder må levere inn all landbruksplast til attvinning, sjølv om det er foreslått i eit forslag til ny avfallsforskrift. Felleskjøpet vil utvide eit prøveprosjekt til heile landet. Lastebilar som leverer gjødsel og andre varer til gardane, skal ta med seg plast tilbake.

— Bøndene får ein god måte å lagre plast på og mindre potensial for forsøpling. Og vi kan selje landbruksplast tilbake til bøndene der det er brukt 30 prosent resirkulert plast, seier André Monsrud i Felleskjøpet til NRK.

Kravet til bøndene er at dei pressar plasten saman på førehand, og at dei reinskar han. Dei må investere i ei presse som fort kostar over 30.000 kroner.

Bonde Kåre Teigland i Hyen i Vestland seier til NRK at pressa er verd pengane, fordi det no er mykje lettare å lagre plasten. Det gir ein meir effektiv kvardag, seier han til NRK.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS