Nyreising i Bjoadalen rundt 1939. Brørne Andreas, Bendikt og Sigmund Tveit kjempar med store røter under nydyrking ved hjelp av handemakt og stubbebrytar.
Foto: Frå boka Bureising og bondeliv i Bjoadalen»
Boka om bureising blir lansert
Hundre år etter at bureisarane starta opp i Bjoadalen, kjem historia om desse framsynte og modige menneskja.
Komande sundag blir det lanseringsfest på Bjoa skule. Ein sjølvoppnemnd redaksjon har stått for skriving og redigering: Ingrid Steinsland, Ernst Arne Sælevik, Liv-Kari Bødtker og Torhild Hanssen, Tunge. Alle gardane i området har vore involverte i å skaffa bilde og opplysningar og deretter godkjenna det endelege manuset om sitt bruk. Ein god del av stoffet er ført i pennen tidlegare av bureisarane sjølve og andre som vaks opp i dalen.
Boka Bureising og bondeliv i Bjoadalen fortel historia om kvart enkelt av dei 14 bureisingsbruka i Bjoadalen, om personane, arbeid, samhald, knallhardt strev og stubbar frå gode og vonde dagar frå oppstarten og fram til i dag. Dette er ikkje minst soga om personar som pakka det vesle dei hadde og flytta ut i veglaus myr, for å prøva og skapa seg eit liv på eigen gard. På 20-talet la staten til rette for bureising for å demma opp for utvandring til Amerika, og for å få opp matproduksjonen etter første verdskrigen. Av dei mange prosjekta som blei sette i sving, var bureisinga på Bjoa av dei mest vellukka.
— Resultatet er ei bok om dei som klarte seg, og om dei som ikkje fekk det til. Boka blei til medan det enno var nokon som kunne fortelja historia og mens nokon av oss enno kan gle oss over å ha kjent dei, seier Liv-Kari Bødtker.