Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Foto: Irene Mæland Haraldsen
Etne bibliotek.

Bok, teikning og musikk på Etne bibliotek

Publisert Sist oppdatert

På tysdag kjem forfattar, illustratør og musikar Vegard Markhus på besøk til Etne bibliotek og lagar ei koseleg kveldstund for barn og vaksne. Han skal lesa Ei kjedeleg bok» – og to. Markhus illustrerer bøkene sine sjølv, så det vert òg teikning av underfundige figurar. Han spelar dessutan i bandet Naboen min», og vil framføra songen Male himlen blå» denne kvelden, ein song som er godt kjent for mange av barna på småskulen i Etne.

Vegard Markhus er ein prisløna forfattar med røter i Etne. Han skriv på nynorsk og har laga mange kjekke biletbøker i tillegg til at han skriv lettles-serien Rine og Ravi». Denne tysdagskvelden får ein høyra både ei biletbok samt den nyaste boka om Rine og Ravi og den sprø Lærar-Knut.

Biblioteket serverer bollar og bananar til kveldsmat, og håpar mange har lyst å ta turen.

Powered by Labrador CMS