Siri Vestbø Tungesvik får meir ansvar i Haugesund Sparebank.
FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Blir sjef for tre kontor
— Det blir kjempespennande og veldig kjekt, seier Siri Tungesvik Vestbø.
Banken køyrer ei lita omorganisering, der me no går frå avdelingar til regionar. Vindafjord og Etne, med sine tre kontor, vil no vere region Aust i Haugesund Sparebank. Tungesvik Vestbø får tittelen regionsleiar, med ansvar for alle tilsette og aktivitet inn mot personmarknaden i Etne og Vindafjord.
Sjølv er Tungesvik Vestbø frå Etne, men bur i Sandeid. Ho har jobba i bank i elleve år, dei tre siste av desse i Haugesund Sparebank.
Meir på farten
I Vindafjord har banken kontor i Ølen og Skjold. Tungesvik Vestbø ser på det som ei stor ære å få hovudansvar her i tillegg til i Etne.
Spurt om korleis kvardagen hennar vil skilje seg frå den ho har hatt, svarar ho at ho får eit mykje større marknadsområde å ha oversikt over. Ho skal samtidig vere tilgjengeleg for dei sju tilsette ho har ansvar for, i tillegg til ein nytilsett i Etne som startar etter nyttår. Dei tilsette er alle lokale her i distriktet og har mykje god kunnskap om både marknadsområde og kundane.
— Eg kjem til å vere meir på farten, men samtidig halde fokus i Etne.
Arbeidsplassen hennar blir på alle kontora, tilpassa behov. I starten kjem ho til å sitje mykje i Etne, men på sikt vil Ølen-kontoret, like ved politistasjonen, vere hennar hovudbase.
I den nye stillinga vil ho jobbe på eit litt meir overordna nivå, men framleis ha kontakt med kundar
— Hoppar etter Wirkola
Haugesund Sparebank blei stifta i 1928, og sidan har fleire mindre lokale bankar slutta seg til, blant anna Sandeid Sparebank i 1964, Skjold Sparebank i 1976 og Imsland Sparebank i 1987. Blant deira nyare kontor er det på Etne senter, som opna i fjor. Dei er godt nøgde med utviklinga i kundar i bygda sidan.