Lisa Marie Ness Klungland er klar for større oppgåver på Stortinget.
FOTO: ROGALAND SP
Bli oppdatert på valet via grannar.no
Tre lokale kandidatar kjempar om plass på Stortinget. To av dei verkar heilt sikre, medan det er stor spenning knytt til Lisa Marie Ness Klungland (28) frå Ølen, Senterpartiet sin andrekandidat i Rogaland.
Det er stortingsval og riksmedia med NRK i spissen, sin store dag til å fortelja om det blir regjeringsskifte, få partileiarane sine ferske kommentarar og rapportera direkte frå partileiardebatten.
Like over kl. 21.00 vil resultatet frå førehandsstemminga der over 40 prosent av veljarane har deltatt, bli offentleggjort. Alt då vil den første indikasjonen koma på om Erna Solberg (H) vil halda fram ein ny periode, eller om Jonas Gahr Støre (Ap) er i posisjon til å overta som statsminister i Noreg.
Også Grannar vil utover kvelden tilby sine lesarar – via grannar.no – det viktigaste frå valet sett frå ein lokal ståstad. Me har eit godt team i sving, blant anna med å ha kontakt med dei tre vindafjordingane Lisa Marie Ness Klungland (Sp), Tove Elise Madland (Ap) og Terje Halleland (Frp).