Anders Lunde (t.v.) Dagny Christophersen, Sveinung Bjelland, og Jon Ørnes.Bjelland & mannskapet under kyrkjekonsert i Ølen kyrkje. FOTO: SVEIN EGIL ØKLAND
Anders Lunde (t.v.) Dagny Christophersen, Sveinung Bjelland, og Jon Ørnes iBjelland & mannskapet under ein kyrkjekonsert i Ølen kyrkje. Søndag skal dei spele på Vadhytta.

Kultur

Bjelland og mannskapet slepp første låt

Fredag slepp Bjelland & mannskapet» ut si første låt, som er ein del av ei planlagt EP.

Publisert Sist oppdatert

Bjelland & mannskapet

  • Anders Lunde – Kontrabass
  • Sveinung bjelland – Vokal og kassagitar
  • Jon ørnes – Banjo, dobro og gitar
  • Dagny Christophersen – Vokal, rytme
  • Arnt Ove Kvernenes – Munnspel

Det heile starta under pandemien, då presten Kari Vik Stuhaug kontakta Bjelland og spørte om han ville vera med å spela på salmedugnad. Han takka ja, og samla ein gjeng som no heiter Bjelland & mannskapet».

Eit oppdrag blei til fleire

Svein Egil Økland filma då dei song salmaen Han tek ikkje glansen av livet» i Ølen kyrkje. Denne ligg no på YouTube, og har over 22.000 avspelingar. Etter den tid har dei spelt fleire konsertar.

Det har blitt fleire konsertar i lokale kyrkjer, dei har spelt på konsert mellom anna i Nedstrand, Tollboden og mållaget på Nærbø. På Rootsfestivalen i Vikedal spelte dei til fullsett kyrkje, dit skal dei også tilbake i år. Framover vil det blir fleire kyrkjekonsertar med Bjelland & mannskapet.

EP på gang

No skal dei gi ut si fyrste låt, som er ein del av ei planlagt EP som kjem i løpet av året. Låta er av Aage Samuelsen og heiter Det er vekkelsesluft over landet». Den blir å finna i alle straumetenester. Anders Lunde har stått for produksjonen av songen i heimastudioet sitt.

– Eg har alltid hatt sansen for Aage Samuelsen. Songen me har spelt inn, likar eg godt. Det er godt humør, og god stemning, seier Sveinung Bjelland.

Powered by Labrador CMS