Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Torstein Haugen med si nye bok om Bibelens planteverden.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Torstein Haugen med si nye bok om Bibelens planteverden.

Bilde som kom godt med

Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje første gongen Torstein Haugen frå Ølen deler sin kunnskap om plantar med sine lesarar. Tidlegare har han gitt ut bøker om planteliv i Stranddalen i Ryfylkeheiane, og vore medforfattar av to bøker om planteliv i Vindafjord og Rogaland saman med vindafjordingen Lars Dalen. Men denne gongen er det meir eksotiske planter som prydar boksidene.

I si siste bok Bibelens planteverden jamført med floraen i Etiopia, tek han utgangspunkt i planter frå dei gamle bibelske områda og samanlikna dei med floraen i Etiopia der han jobba frå midt på 1970-talet til byrjinga av 1990. Mesteparten av teksten til dei talrike plantesortane er samla frå tidlegare bokverk signert mellom anna Astri Frisak, som i 1969 skreiv boka Plantene i Bibelen, og Michael Zohary si bok Plants of the Bible, medan dei fargerike bileta er fanga på kameralinsa av forfattaren sjølv under sine mange reiser i Afrika og bibelske område.

Resultatet er blitt ei informativ bok på over 200 sider med tema som bibelske landskap, kultur og levemåte sett i forhold til Etiopia, husdyrhald og åkerbruk i det gamle og det nye testamentet og ikkje minst ei detaljert oversikt over plantelivet.

Powered by Labrador CMS